BLÅBÆRHYTTA

– hytta som set smak på livet både ute og inne

Blåbær er ein viktig del av naturen, er både fint å sjå på, godt å vera «i» og gir næring til mange. Slik er det også med Blåbærhytta. Du kan plukka av gode løysingar både for inne- og uteaktivitetar.

Spesifikasjonar:

Inngangsparti

  • Godt overbygg med direkte inngang til sportsbod
  • Snu deg å ta til deg den friske lufta og det du ser før du går inn

Entre

  • Romsleg og bruksvenleg
  • Tørkeskap til lagring og rask tørking av klær
  • Skostativ med plass til mange og store sko
  • Hjelp dei andre før deg sjølv

Sportsbod

  • God plass til oppbevaring
  • Plass til preparing og vedlikehald av ski, syklar og anna utstyr
  • Eit rom alle vil misunna deg Kjøkken
  • Godt og effektivt kjøkken med kort veg til eit stort og romsleg kjøkkenbord/samlingsbord
  • Me leverer gjerne eit godt planlagt og funksjonelt kjøkken fra vår samarbeids partner som er Knapphus Kjøkkensenter

Stova

  • Fantastisk tilgang på naturen og lyset gjennom store og flotte vindu
  • Direkte tilgong til overbygd terrasse
  • Denne stova passar godt til å planlegga neste ekspedisjon (husk at dei som har iFormHytta ikkje går turar men ekspedisjonar)

Bad

  • God plass til meste og dei fleste
  • Husk at tennene også skal vera iForm

Soverom (samla oppe og nede)

  • 5 godt utnytta soverom
  • 10 soveplasser

Hems

  • Stor og godt utnytta hems
  • Opphaldsrom/aktivitetsrom/leikerom/TV-stova…
  • 2 soverom
  • God utsikt og lys

Areal

  • 1. etg. – 95 m2
  • Hems – 33 m2